Skyggevinge

No Slides Entered.

Forfatter: NUK

SKYGGEVINGE

Recessiv arv

Melanin er eit fargestoff som styrer fargen på undulaten. (den gule fargen blir ikkje styrt av melanin)

Ein vanlig normalteikna har full produksjon av melanin.

Det finnes også dei som har meir eller mindre produksjon av melanin. Vingeteikningar og kroppsfarge er avbleika i forhold til den normalteikna.

Dette gjeld skyggevinge, gråvinge, lysvinge, samt FBC gråvinge. FBC gråvinge er ein kombinasjon av gråvinge og lysvinge.

Desse har blitt gruppert i forhold til i kor stor grad nedbeikingsgenet påverkar fargen i fjørene, både bølgeteikningar, kroppsfarge og kinnplettar.Dei har sine kjenneteikn i forhold til kva gruppe dei tilhøyrer

Skyggevinge er avbleika i størst grad, både kroppsfarge, kinnplettar og bølgeteikningar samt halefjør. Sjølv om ideelt sett ein skyggevinge bør ha kroppsfargen nedbleika slik vi berre svakt kan sjå den opprinnlege fargen, kan dei også ha sterk kroppsfarge. Opptil 50% av det ein nt har. (WBO)

Problemet er at hos mutasjonar som har dette nedbleikingsgenet, kan få eit modifikasjonsgen som blir kalla mørkvingefaktoren.Mørkvingefaktoren arvar dominant.

Denne mørkvingefaktoren går inn å påverkar den grå fargen på spottar, bølgeteikningar og halefjør og gjer gråfargen mørkare.

Skjer dette f.eks hos ein skyggevinge med ein litt sterk kroppsfarge, kan den lett forvekslast med ein gråvinge. Kinnplettane er referansepunktet ein sit igjen med, samt dei har litt smalare bølgeteikningar enn det ein gråvinge har.


Kroppsfarge: Nedbleika til vi ser kun ein streif igjen av opprinnleg farge til oppmot 50% av

fullfarga.

Bølgeteikningar: Lys grå bølgeteikningar

Spottar: lys grå

Kinnplettar: bleik blå til bleik viol. Hos grå og grågrøne, bleik grå

Vokshud: blå hos hannar, kvit-blå til brun hos hoer

Auger: svart med kvit irisring

Slagfjør:bleikgul hos grøne, kvitaktig hos blå over til lys grå.

Halefjør: bleikgul hos grøne, kvitaktig hos blå over til lys grå. Gråkvit til lys grå hos grå.

Føtter: rosa med gråblå felt, blågrå spraglete hos grå og grågrøne


Parringsskjema

Recessiv arv (må ha genet inn frå begge foreldra)


Nt x skyggevinge= 100% nt/skyggevinge

Nt x nt/skyggevinge= 50% nt, 50% nt/skyggevinge

Nt/skyggevinge x skyggevinge= 50% nt/skyggevinge, 50% skyggevinge

Nt/skyggevinge x nt/skyggevinge= 50% Nt/skyggevinge, 25% skyggevinge, 25% Nt

Skyggevinge x skyggevinge= 100% skyggevinge


Nb! Skyggevinge er recessiv for gråvinge og lysvinge.

Gråvinge x skyggevinge = 100% gråvinge/skyggevinge
Lysvinge x skyggevinge= 100% lysvinge/ skyggevinge.

Gråvinge/skyggevinge x lysvinge/skyggevinge=

25% Full-body-color greywing
25% Gråvinge/skyggeving
25% Lysvinge/skyggevinge
25% Skyggevinge


Nt/ gråvinge x nt/skyggevinge =
25% Nt
25% Nt/gråvinge
25% Nt/skyggevinge
25% Gråvinge/skyggevinge


Nt/lysvinge x nt/skyggevinge=

25% nt,

25% nt/lysvinge,

25% nt/skyggevinge,

25% lysvinge/skyggevinge


Related Projects