Lysvinge

No Slides Entered.

Forfatter: NUK

LYSVINGE

Recessiv arv


Melanin er eit fargestoff som styrer fargen på undulaten. (den gule fargen blir ikkje styrt av melanin)

Ein vanlig normalteikna har full produksjon av melanin.

Det finnes også dei som har meir eller mindre produksjon av melanin. Vingeteikningar og kroppsfarge er avbleika i forhold til den normalteikna.

Dette gjeld skyggevinge, gråvinge, lysvinge, samt FBC gråvinge. FBC gråvinge er ein kombinasjon av gråvinge og lysvinge.

Desse har blitt gruppert i forhold til i kor stor grad nedbleikingsgenet påverkar fargen i fjørene, både bølgeteikningar, kroppsfarge og kinnplettar.Dei har sine kjenneteikn i forhold til kva gruppe dei tilhøyrer.


Lysvinge med lys grå bølgeteikningar, ala skyggevingen, kinnplettar opp mot det ein nt har og omtrent ikkje nedbleika i kroppsfarge. I utstillingssamenheng skal ikkje kroppsfargen ver under 90% i fargestyrke. Men, vi finn lysvingar som har berre ca. 75% av fargeintensiteten til ein normalteikna.

Likeeins finn vi lysvingar med markeringar på vingane og det er heller skjeldan å sjå dei som omtrent ikkje har markeringar.


Lysvinge er også eit viktig innslag i fleirmutasjonen rainbow.

Rainbow er ein gulmaske (med det gule kun i maska) opalin lysvinge i himmelblå, violhimmelblå, kobolt eller violkobolt.

Mutasjonar som har dette nedbleikingsgenet, kan få eit modifikasjonsgen som blir kalla mørkvingefaktoren.Mørkvingefaktoren arvar dominant.

Denne mørkvingefaktoren går inn å påverkar den grå fargen på spottar, bølgeteikningar og halefjør og gjer gråfargen mørkare.

Får ein lysvinge modifikasjonsgenet, vil spottar, bølgeteikningar og halefjør anta ein mørkare gråfarge, ala det ein gråvinge har.

Ein FBC gråvinge har gråvingen sine grå bølgeteikningar og lysvingen sin fargesterke kropp og nesten identiske kinnplettar til lysvingen. Kun antydningsvis lysare. Forskjellen på ein lysvinge med mørkvingefaktor og ein FBC gråvinge vil kunne ver svært vanskelig å skille.


Kroppsfarge: Minimum 90% av ein fullfarga undulat (i utstillingssamanheng)

Bølgeteikningar: lys grå med utbredelse som hos nt.

Vokshud: Blå hos hannar. Blåkvit-brun hos hoer

Auger: svart med kvit irisring

Kinnplettar: viol,- grå hos grå og grågrøn

Spottar: fråverande eller svakt synleg lys grå.

Vingar:lyse og fri for teikningar.

Slagfjør:grå/kvit

Halefjør: nøytral eller med svak antydning til kroppsfarge

Føtter: blå/grå


Parringsskjema

Recessiv arv (må ha genet inn frå begge foreldra)


Nt x lysvinge= 100% nt/lysvinge

Nt x nt/lysvinge= 50% nt, 50% nt/lysvinge

Nt/lysvinge x lysvinge= 50% nt/lysvinge, 50% lysvinge

Nt/lysvinge x nt/lysvinge= 50% Nt/lysvinge, 25% lysvinge, 25% Nt

lysvingex lysvinge= 100% lysvinge


Nb! Lysvinge er dominant for skyggevinge, men lik verdi med gråvinge

Gråvinge x lysvinge= 100% FBC gråvinge

Lysvinge x skyggevinge = 100% lysvinge/skyggevinge.

Lysvinge/skyggevinge x gråvinge/skyggevinge=

25% Full-body-color greywing
25% Gråvinge/skyggeving
25% Lysvinge/skyggevinge
25% Skyggevinge


Nt/ lysvinge x nt/skyggevinge =

25% Nt
25% Nt/lysvinge
25% Nt/skyggevinge
25% Lysvinge/skyggevinge


Related Projects