Hollandskbroka

No Slides Entered.

Forfatter: NUK

Hollandskbroka ( HB)

Dominant arv

Der Australskbroka oftast har ryddig mønster og symmetri, både på kropp og bølgeteikningar, danskbroka sine flekkvise teikningar og mønster, er hollandskbroka den som har størst spennvidde mht. teikningar på vingar og kropp. Den kan framstå alt frå som ein nt til tilnærmelselik ein db.

I litteraturen blir det ofte skriven som to typer hollandskbroka. Genetisk er det den samme. Utsjåande er ulikt.

Den ideelle, omtala som lysslagfjøra, skal ha lyse slagfjør, helst alle sju. Halefjørene skal også ver lyse og dei skal ha nakkeflekk, omtrent så stor som ei ert. Kinnplettane har ala samme farge som ein normalteikna.


Den andre typen går under hollandskbroka og er fuglane som har det uregelsmessige mønsteret. Kanskje har den berre ei lys slagfjør, ei lys halefjør eller flekkvise teikningar på vingar og kropp, nesten som ein danskbroka. Nakkeflekken kan omtrent mangle heilt, eller den kan ver så stor at den går som eit band rundt halsen og dannar ei lys smekke øverst på brystet. Variasjonane er mange.

Hannane har blå vokshud og dei har synleg kvit irisring. Det kan skje dei har synleg irisring på eine auga og den andre auga ser svart ut. Ein trur dette kan skje hos dei hollandskbroka som er splitt danskbroka.

Det er ingen forskjell utajåandemessig på ein enkeltfaktor og ein dobbeltfaktor.


Hollandskbroka og danskbroka er to viktige mutasjonar for å kunne få fram svartaugd, på engelsk Dark Eyed Clear.

Dette er ein heilt gul eller kvit fugl med svarte auger uten synleg irisring. Vokshuda til hannar blir rosalilla heile livet, medan hoer har blåkvit til brun vokshud.


Kroppsfarge: fargestyrke som nt. Lysslagfjøra; maksimalt 50% av den totale kroppsfargeområdet skal ver lyst/ha flekkar og dei lyse flekkane skal ver begrensea til den øvre delen av kroppen.

Teikningar: svart. Lys nakkeflekk. Regelmessige teikningar på vingar hos lysslagfjøra. Svarte uregelmessige teikningar hos hollandskbroka.

Kinnplettar: farge som nt, sølvfarga eller ein kombinasjon

Auger: svart med kvit irisring,

Vokshud: blå hos hannar. Blåkvit-brun hos hoer

Spottar: svarte

Slagfjør: lyse hos lysslagfjøra. Stor variasjon hos hollandskbroka

Halefjør: lyse hos lysslagfjøra. Variasjon hos hollandskbroka.

Føtter: blågrå spraglete, roasaktig eller ein kombinasjon.


Parringsskjema

Dominant arv

Hb (e.f.) x Normal = 50% Hb(e.f) og 50% Normal

Hb (d.f.) x Normal= 100% Hb (e.f.)

Hb (e.f.) x Hb (e.f.) =25% Hb (d.f.), 50% Hb (e.f.) og 25% Normal

Hb (e.f.) x Hb (d.f.)= 50% Hb (e.f.) og 50% Hb (d.f.)

Hb (d.f.) x Hb (d.f.)= 100% Hb (d.f.)


Parringsskjema Svartaugd (Dark Eyed Clear)

HB x DB = 50% hb/db og 50% nt/db.


Ef hollandskbroka/db x db =

25% Ef hollandskbroka/db,

25% DEC (med ef hb),

25% Normal/db ,

25% db

Df hb/db x db= 100% hb ( ef)/db

DEC (med ef hb) x db =50% DEC (med ef hb), 50% Db

DEC (med ef hb) x DEC (med ef hb) =
50% DEC (med ef hb)
25% DEC (med df hb)
25% Db


Df hollandskbroka/db x db = 50% Ef hollandskbroka/db, 50% DEC (med ef hb)


DEC (med ef hb) x Ef hollandskbroka/db =
25% DEC (med ef hb)
12.5% DEC (med df hb)
25% Ef hollandskbroka/db
12.5% Df hollandskbroka/db
12.5% Normal/db,
12.5% Db

Related Projects